Informasjons – og rådslagingsmøte om nye naturtypar

Folkemusikksenteret
24. oktober 2023
18:00

Denne aktiviteten har utløpt!

Styret i Sigdal-Eggedal skogeigarlag og Skogbrukssjefen i Sigdal inviterar skogeigarar som er råka av dei nye Naturtypane i Sigdal og Eggedal til informasjons -  og rådslagingsmøte.

Program:

    • Informasjon om nye kartleggingar av miljøopplysningar etter MiS – revisjonen. Innleiing ved m.a. kvalitets – og miljøsjef i Viken skog, Diana Eckert. Dei andre kjøparorganisasjonane er også inviterte. Spørsmål og diskusjon
    • Matpause
    • Innspel frå skogeigarane og diskusjon om vegen vidare

Du kan sjå om du sjølv er ein av dei som er direkte råka av vedlagte kart, men alle skogeigarar i bygda er velkomne i møtet. Meir nøyaktig avgrensing av naturtypane finn du ved å gå inn på «kilden til arealinformasjon (NIBIO)» og fyrst velgja «Eksterne» (heilt nederst), så «Naturtyper» og til slutt «DN - håndbok nr 13». Eigedomsgrensene kan du finne på same kartet ved å velgja frå menyen som kjem fram viss du vel  «Basisdata». Du må gå ganske langt «inn» i kartet for at eigedomsgrensene skal komma fram.

Naturtyper